Logg inn til Tillitsvalgtportalen
Søk på: OSS Fagforbundet.no

Verving i sjukehus

Fagforbundet ynskjer fleire medlemmar på sjukehus og i helseføretaka. På storsamlinga for sjukehustillitsvalde i september vart det av den grunn lyst ut ein vervekonkurranse som skal vara eit år framover.

Sykehusskilt
Illustrasjon: Sykehus (Foto: Fagforbundet)

Fagforbundet samla i underkant av 200 tillitsvalde frå heile landet til "kick-off"  i slutten av september. Det er sjukehusa som skal takast vare på - både dei tilsette og tenestene.

– Vi må sikra at vi har grep om sjukehusa framover, sa leder Mette Nord under åpninga.

Sjukehuspolitikk

Fagforbundet har både før , under og etter at føretaksmodellen vart innført gjort sin stemme gjeldande i sjukehuspolitikken. Fagforbundet har hatt medlemmar blant dei fleste yrkesgruppene på sjukehus frå langt attende. Når forbundsleiaren sier forbundet må ta grep handler det om god kvalitet på tenestene og gode og trygge løns- og arbeidsvilkår for dei tilsette.

Vervekampanje

Eit hovedpoeng i orgainsasjonsbygginga av Fagforbundet er at forbundet skal verta meir attraktivt for yrker og profesjonar, ha gode plasstillitsvalde  og ha politisk påvirkningskraft. Det arbeides det med i alle ledd heile tida, og forbundet er gode på mykje men har likevel eit forbetringspotensiale. I forlenginga av Kick Off-samlinga var det difor lyst ut ein vervekonkurrans. Målet er å verve ca 4000 medlemmar på eit år. Dei som vervar mest får reisegavekort i premie. Både eniskildmedlem, tillitsvalde og heile fagforeiningar kan verve.

– Målet kan vi klare gjennom godt fagforeningsarbeid, sa nestleiar og vervesjef,  Sissel Skoghaug.

–  Motiverte tillitsvalde er suksessfaktoren vi treng, slo ho fast.

Farlig helsereform

Mette Nord snakka om den nye helsereformen som Høie promoterer: Det er den største privatiseringsreformen vi har sett på lenge. – Fridomen dei blåblå snakker om er marknadskreftenes fridom til å å forsyne seg av fellesskapets ressursar.

SV-leder Audun Lysbakken  hadde ein gjennomgang av dei historiske milepælane i helse- og sjukehuspolitikken. Han hadde og oppskrifta på korleis ein kan få attende den demokratiske styringa av helsevesenet. I den prosessen er dei tilsette og arbeidstakarorganisasjonane svært viktige pspelarer.

– For å ivareta lokalsamfunn og beredskap må marknadstenkinga ut. Bort med bestiller-utfører, stykkpris og slutt å leik marked, sa Audun Lysbakken, og inviterte til samarbeid samtidig som han lova å vere lydhør og støttande til Fagforbundets arbeid.

Tema

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Del

Til toppen

Nøkkelord (skjul)