Logg inn til Tillitsvalgtportalen
Søk på: OSS Fagforbundet.no

Praksiskandidat til barne- og ungdomsarbeiderfaget

Praksiskandidatordninga gir den som allereie har lang praksis i eit fag, moglegheit til å få fag- eller svennebrev sjølv om ein ikkje har fått noko formell opplæring.

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Dette kan gi auka yrkesstoltheit, betre kunnskap, høgare verdsetjing og status, meir utfordrande arbeidsoppgåver og høgare lønn.

Tel ikkje lenger timar

- Med Kunnskapsreforma kom ei oppmjuking av reglane for å få godkjend praksis, fortel rådgjevar i Seksjon kirke, kultur og utdanning, Signe Solhaug. - No tel dei ikkje lenger berre timar og måneder, men foretar ei meir heilskapleg vurdering på relevant kompetanse og kompetanse som kan overførast til faget, seier ho.Ein barne- og ungdomsarbeider vil alltid arbeide med menneske, og erfaring som inneber sosial kompetanse og arbeid med menneske fra eit anna område, kan i ei skjønnsmessig vurdering avdekkje viktig kompetanse.- Fylkeskommunane har framleis ulike måtar å vurdere praksiskandidatar på. Det kan løne seg å anke saka om du er i tvil. Og fekk du avslag med dei gamle reglane, kan du prøve saka på ny, med dei nye reglane, minner Solhaug om. 

Korleis gjer ein det

Læretida i barne- og ungdomsarbeiderfaget er fire år, medan praksiskandidaten må ha fem år med relevant praksis. Utdanning kan også bli godskreven. Den enkelte kandidat må samle alt av formell og uformell erfaring. Har ein til dømes vore innom foreiningar eller organisasjonar retta mot barn og unge, kan ein få utteljing for dette. Signe Solhaug har vore borti dei fleste problem knytta til lærlingar og praksiskandidatar.

- Eg snakka med ei dame som ikkje fekk godkjenning, men så viste det seg at ho hadde gløymt å ta med at ho over ei lengre periode hadde dreve med konfirmantarbeid på si. Etter ei ny vurdering vart praksisen hennar godkjend, og ho kunne ta fagprøva, fortel Solhaug.   

Fagprøva - slik gjer du

Faget høyrer inn under programfag Helse og sosial. Her finn du læreplanen. Sjølve fagprøva består av tre delar:

  • Planlegging av arbeidet og grunngjeving for valde løysingar
  • Gjennomføring av eit fagleg arbeid
  • Dokumentasjon av eige prøvearbeid

Oppmeldingsskjema til fagprøva fyllast ut og sendast til fagopplæringskontoret i bustadsfylket, med bekrefta kopiar av vitnemål/ kompetansebevis og praksisattestar. Kandidaten må betale ei avgift på 650 kroner for den praktiske prøva, og kvitteringa leggjast ved oppmeldinga.

Er du i tvil om kva for erfaringar du skal ta med? Ta ein telefon til yrkesopplæringsnemnda! Det er yrkesopplæringsnemnda i kvart enkelt fylke som er ansvarleg for å godkjenne praksiskandidatar (godkjenningsrett frå Utdanningsdirektoratet).

Lova og forskrifta

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Del

Til toppen