Logg inn til Tillitsvalgtportalen
Søk på: OSS Fagforbundet.no

Vern om verneomboda

Det er mange aktørar som driv med HMS-opplæring, og ikkje alle er like seriøse. LO og mange andre etterlyser ei opprydding frå myndigheitene si side.

Opprydding
LO-sekretær Trine Lise Sundnes slo fast at LO vil ha ei forskrift med krav til HMS-opplæringa for arbeidsgjevarane. (Foto: Anders Hamre Sveen)

– Vi vil at heile organisasjonen skal ta inn over seg at vi ikkje berre har to typar tillitsvalde, men tre, sa AU-medlem i Fagforbundet,  Stein Guldbrandsen, under ein landsdekkande konferanse om den organiserte arbeidsmiljøaktiviteten i Fagforbundet  i oktober 2009.

LO vil ha forskrift 

15. april 2010 stod Arbeidsmiljøsenteret bak dagskonferansen "Søkelys på HMS-opplæringa i Noreg". Konferansen såg på alle sider ved opplæringa i helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassane. I Hovudavtalens Tilleggsavtale III stadfestar LO og NHO at arbeidstakarrepresentantar i arbeidsmiljøutval og verneombod skal ha HMS-opplæring. Dette vart avtalt mellom LO og Norsk Arbeidsgiverforening (noverande NHO) i 1975. På dagskonferansen til Arbeidsmiljøsenteret sa LO-sekretær Trine Lise Sundnes at LO vil ha ei forskrift med krav til HMS-opplæringa for arbeidsgjevarane. Direktør i Arbeidstilsynet, Ingrid Finboe Svendsen, og seniorrådgjevar ved Arbeidsmiljøsenteret, Nina C. Berg, er samd i at krava til denne opplæringa bør stadfestast i ei forskrift. Berg meiner at rettleiinga til § 3-5 i arbeidsmiljølova ikkje er konkret nok. – Det bør vere dei same krava til opplæringa av arbeidsgjevarar og deira representantar som til opplæringa  av resten medlemmane i arbeidsmiljøutvalet, sa Nina C. Berg  og la til at det bør vurderast å innføre ei ordning for godkjenning av opplæringsaktørane i HMS.

Verneombod er eit verv

I avisa Klassekampen stod det 12. mars ein artikkel om at firmaet HMStips sel ei teneste dei kallar for "eksternt verneombod". Tenesta kostar 15 000 kronar. Paul Norberg i Arbeidsmiljøsenteret meiner at tilbodet er ulovleg. – Arbeidstilsynet korkje vil eller kan nekta nokon å tilby konsulenttenester. Men eg vil understrekja at ingen konsulenttenester kan erstatta verneombodet, sa Ingrid Finboe Svendsen. I Arbeidstilsynets fagblad,  Arbeidervern, nr. 1/2010 står det at NHO og LO er samde om at verneombodet skal veljast blant dei tilsette. Arbeidarpartipolitikaren Thorbjørn Berntsen seier til Arbeidervern at ideen med "eksterne verneombod" er ei krigserklæring mot verdiane lovmakarane la til grunn då arbeidsmiljølova så dagens ljos i 1977. LO-sekretær Trine Lise Sundnes støtter dette, og slår fast at verneombod skal veljast av og blant dei tilsette. – Det er klart at såkalla eksterne verneombod ikkje kan erstatte dei valde verneomboda, seier Petter Wildhagen, avdelingsleiar i opplæring ved Arbeidsmiljøsenteret.

HMS-opplæring

Arbeidstilsynet krev at verneombod og arbeidsmiljøutval går igjennom ei 40 timer lang opplæring i HMS. LO og AOF meiner at mangelen på konkrete krav har ført til ei oppblomstring av useriøse selskap som gir leiarar dokumentasjon på opplæring i HMS ved hjelp av korte nettbaserte kurs. Smart HMS er eit slikt selskap i følgje ein artikkel i LO Aktuelt. I fjor kunne nettavisa til Dagens Næringsliv, DN.no, melde at Smart HMS varsla rettslege skritt mot AOF, DN.no og Arbeidstilsynet. AOF skulle stemnast for å ha kalla verksemda til Smart HMS for "rein svindel" og DN.no for å ha gjengjeve "ærekrenkande påstandar." Trugsmåla vart aldri realiserte, sjølv om verken AOF eller DN.no trakk opplysingane tilbake. – Det er synd at det ikkje vart noko sak, seier Torgrim Kokaas.  Nina C. Berg trur at om det hadde vorte stilt krav om ein prosessorientert og inkluderande pedagogikk i grunnopplæringa i HMS så hadde vi vorte kvitt mange av dei useriøse kurstilbydarane. 

Mange HMS-sjarlataner (Fri Fagbevegelse)

Ulovlig verneombudsordning (Arbeidsmiljøsenteret)

Nøkkelord

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Del

Til toppen