Logg inn til Tillitsvalgtportalen
Søk på: OSS Fagforbundet.no

Lokaldemokratiet vert sterkare

Når alle har eit eigedomsforhold til det dei gjer, aukar kvaliteten og nærværet. Det slår ein evalueringsrapport om kvalitetsarbeidet i kommunane fast.

Lokal forankring
Det er dei lokal løysingane som er best, seier Anne Grethe Krogh, leiar i Omstillingseininga. (Foto: Kari-Sofie Jenssen)

 – Det viser berre at lokalt forankra utviklingsarbeid gjev den beste demokratiutviklinga, seier Anne Grethe Krogh, leiar for Omstillingseininga i Fagforbundet. Samarbeidsrapporten "Evaluering av Kvalitetskommuneprogrammet" er gjort av Norsk institutt for by- og regionforskning, Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring og International Research Institute of Stavanger. Rapporten er gjennomført i 2008 - 2009.  Eit bredt utval av dei som gjennom trepartssamarbeid har vore med i programmet,  er intervjua.

Kompetanse i alle ledd

Programmet har som mål å betre tenestekvaliteten og redusere sjukefråværet i kommunane. – Trepartssamarbeid krev semje om kvar ein er og kvar ein vil, seier Krogh. Ho meiner gode leiarar er løysinga på viktige utfordringar som til dømes omdømme, kvalitet og sjukefråvær.  I Øvre Eiker kommune går alle tillitsvalde, leiarar og heile kommunestyret den same leiaropplæringa. – Med eit likt og lokalt utgangspunkt i trepartssamarbeidet har kommunane dei beste føresetnadane til å nå måla sine både på kvalitet og nærvær, seier Krogh.

Dugnad for fornying

138 kommunar deltek i kvalitetskommuneprogrammet. Lokale prosjektleiarar har ein nøkkelrolle og prosjekta syner stor variasjon, både i bredde, innretning og organisatorisk innpakking. Tiltaka for å betre kvaliteten omfattar ofte fleire verksemder og tenester mest innan pleie- og omsorg og oppvekst. Når det kjem til tiltak for å redusera sjukefråværet, kombinerer den typiske kvalitetskommunen arbeid retta mot ulike sider av verksemda som er relatert til nærværs/fråværsproblematikk. – Overskrifta om at kvalitetskommuneprogrammet er ein brei dugnad for kommunal fornying er god og presis, meiner Anne-Grethe Krogh.

Dialog viktig

Resultata frå Kvalitetskommuneprogrammet stadfester at det er nødvendig og viktig at nye idear og tiltak må tilpassast lokale forhold for å virke. Denne lærdommen utfordrar konsulentar som har klokketru på New Public Management (NPM). – Rapporten og våre eigne observasjonar styrkar kritikken mot uvettig bruk av konsulentar som sel generelle oppskrifter og verktøy for organisering og gode prosessar ukritisk til alle, seier Krogh.

Mange av løysningane som eksterne konsulentar kjem med er ikkje allment tenelege og kan ikkje overførast frå ein kommune til ein annan. I rapporten skriv forskarane at " Ut frå ein meir pragmatisk og praktisk orientert posisjon som den pragmatiske institusjonalismen representerer blir den lokale oversettinga og den lokale tilpassinga ikkje et uttrykk for at man ikkje har lykkes, snarare tvert imot". –  Det er denne forståinga som synar at lokal tilpassing med brei dialog og refleksjon gjer kvalitetsarbeidet og trepartssamarbeidet så verdifullt, seier Anne Grethe Krogh, og legg til at eit godt samarbeidsklima, tilsette som trivs  og gode leiarar er vinnaroppskrifta.

– Så lett og så vanskeleg er det, slår ho fast.

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Del

Til toppen

Nøkkelord (skjul)