Logg inn til Tillitsvalgtportalen
Søk på: OSS Fagforbundet.no

Kommunal bilverkstad

Frå og med 1. januar 2009 har Voss kommune drive sin eigen kommunale bilverkstad. Dei to tilsette tek seg av vedlikehaldet av den kommunale bilparken.

Bilverkstad
Olav Arne Fenne er teknisk leiar på den kommunale bilverkstaden i Voss kommune. (Foto: Anders Hamre Sveen)

Voss kommune har rundt 80 kjøretøy. Den kommunale bilverkstaden er ei avdeling i teknisk etat og tek service på kjøretøy opp til 3,5 tonn. Olav Arne Fenne er teknisk leiar på bilverkstaden.
– Me har fått på plass ei gunstig innkjøpsordning og har eigen leigebil. Det er ikkje tvil om at kommunen sparar pengar på å drive eigen bilverkstad, seier Fenne. Han veit at nokre andre norske óg driv eigen bilverkstad. Han ramsar dei opp for det er ikkje så mange.

To mekanikarar

Fenne er ein av to bilmekanikarar tilsett i Voss kommune. Bjarte Vethe er den andre. Dei er begge tilsett i full stilling og har arbeidsdag frå  kl. 07.30 til kl. 15.30. Begge arbeidar med alle dei typane biler kommunen har, men Vethe har hovudansvaret for personbilparken. Vethe er medlem av Fagforbundet. Han har tidlegare arbeidd i privat sektor. – Før den kommunale bilverkstaden vart oppretta arbeida eg i ei anna avdeling i teknisk etat i Voss kommune. Eg trivst på bilverkstaden, og kunne ikkje tenkje meg å gå attende  til privat sektor, seier Vethe.

Nøkkelord

Tema

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Del

Til toppen

Nøkkelord (skjul)