Logg inn til Tillitsvalgtportalen
Søk på: OSS Fagforbundet.no

Stadig press mot offentleg sektor

ESA meiner at det norske regelverket for offentlege anskaffelsar må endrast. EU har laga eit eige direktiv for handheving av offentlege anskaffelsar og vil styrke små utanlandske bedrifter si marknadstilgang i offentlege innkjøp.

Forrang
1. sekretær i LO, Trine Lise Sundnes, meiner at ILO 94 må ha høgare status enn EU-retten. (Foto: Anders Hamre Sveen)

Offentleg sektor gjer innkjøp for om lag 330 milliardar kroner årleg. Fagforbundet meiner at EU sitt handhevingsdirektiv og nye prosesser for å styrke grensekryssande leveransar til offentleg sektor, vil utvide leverandørane sine rettar og medverka  til at offentleg sektor blir meir byråkratisk og dyrare i drift.

På tvers av landegrenser

For Velferdsstaten er også kritiske til utviklinga i EU. – Det er tydeleg at det nå arbeidast i EU for ei auke i "grensekryssande" handel, det vil seie at offentleg sektor i størst mogleg grad skal nytte selskap med base i andre land, seier Helene Bank, spesialrådgjevar i For Velferdsstaten.

Framlegg om ny forskrift

I dag pålegg offentlege myndigheitar leverandørar å tilby lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av tariffavtale i offentleg sektor i sine anskaffelseskontraktar. Dette er mellom anna ei følgje av at Noreg har ratifisert  ILO-konvensjonen ILO 94.

I den offentlege utreiinga NOU, 2010:2 - Håndhevelse av offentlige anskaffelser er det mellom anna eit framlegg om å endre forskrifta om lønns og arbeidsvilkår i offentlege anskaffelsar. I framlegga vert forskrifta innskrenka til områder der "sosial dumping erfaringsmessig er eit problem". Da "Alternativer til dagens EØS-avtale" arrangerte ein konferanse om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar sett oppimot ILO og EU-retten i januar, slo advokat i Fagforbundet Geir Høin fast at fleire av regjeringa sine endringsforslag vil gjere kampen mot sosial dumping vanskelegare.

ILO-retten vs. EU-retten

EFTA sitt overvakingsorgan ESA har som oppdrag å sjekke at Noreg ikkje bryt med EØS-avtalen. ESA meiner at det gjeldande regelverket rundt offentlege anskaffelsar bryt med EØS-avtalen og er "ein ulovleg restriksjon på den frie flyten av tenester". ESA følgjer no med på om det blir vedteke nokre endringar eller ikkje. ILO-konvensjonane er ikkje gjort til ein del av dei grunnleggjande rettane i EU. Dei vert heller ikkje teke omsyn til av EU-domstolen. 1. sekretær i LO, Trine Lise Sundnes, krev på vegne av LO at Noreg skal følgje ILO 94, og at ILO 94 må ha høgare status enn EU-retten. Underbetalinga av Adecco sine vikarar i fleire norske kommunar syner at respekten for ILO 94 i Noreg må aukast.  

 

– ILO 94 må følges

Nytt lovforslag kan lamme offentlig sektor (For Velferdsstaten)

Helene Bank: 'Offentlige anskaffelser: All makt til leverandørene' (Nei til EU)

Tema

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Del

Til toppen