Logg inn til Tillitsvalgtportalen
Søk på: OSS Fagforbundet.no

– Nei til monsterturnus

Det er eit aukande press frå høgresida om å endre arbeidsmiljølova. Nokre snakkar òg om "nordsjøturnus på sjukeheim og sjukehus". – Klare grenser for arbeidstid og overtid er det som er best for helsa til dei tilsette, seier nestleiar i Fagforbundet, Mette Nord.

Arbeidstid
"Nordsjøturnus Sjukeheim". (Illustrasjon: Anders Hamre Sveen)

– Med tanke på folkehelsa er det betre å førebygge tiltak enn å reparere skader. Så kva har vi da vunne om helsearbeidarar vert oftare sjuke og uføre?, spør Mette Nord.

Hun meiner at ein må vere varsam med å innføre arbeidstidsordningar som skil seg for mykje frå det som er vanleg i dag.

– Nokre  unntak kjem vi ikkje utanom, men da er det viktig å overvake verknadene av unntaka, seier Nord. Ho slår fast at innstillingsretten til å godkjenne avvik framleis skal ligge hos fagforbunda sentralt.

– Med tanke på kor stor helse- og omsorgssektoren er, så får vi eigentleg svært få søknader om dispensasjon. Dei fleste vert godkjent, og dei få vi avvisar,  dei avvisar vi med god grunn, seier Nord.

Bra for kven?

Mette Nord fortel at forsking viser at evna til å reagere og observere vert dårlegare etter 8 timar på jobb. Etter 12 timar på jobb er reaksjonsevna på rundt 1,5 promille. Dei arbeidstilhøva som er avslørt innan helse og omsorg den seinare tida, mellom anna for innleidde frå vikarbyrå, har vore langt lengre arbeidsdagar enn 12 timar.

– Desse monsterturnusane er ikkje forsvarleg ovanfor pasientar og brukarar. Helsearbeidarar må kunne observere og reagere. Det kan handle om liv og død, slår Nord fast.

Fafo- forskning

Forsking viser at lange arbeidsperiodar kan auke risikoen for feil og ulykker. Fafo-rapporten 'Sosiale og helsemessige konsekvenser av arbeidstidsordninger i helse-, pleie- og omsorgssektoren. En litteraturstudie' (Fafo-notat 2011:11) er skrive på oppdrag frå Fagforbundet. Rapporten syner at lange vakter har negative konsekvensar for helsa, og fleire studiar støttar påstanden om at arbeid ut over normalarbeidsdagen har ein negativ påverknad på balansen mellom arbeid og privatliv,  trivsel i familien og i høvet til eigne  hobbyar. Mette Nord meiner at ekstreme arbeidstidsturnusar heller ikkje gjev betre kontinuitet for pasientar og brukarar.

– Dersom helsearbeidarar skal jobbe ein lang periode, for deretter å ha fri i ein enda lenger periode, så får dei jo ikkje observert utviklinga hos ein pasient over tid. Dette er ikkje kontinuitet, seier Nord.

Dårleg samanlikning

Nordsjøturnus er tilpassa dei spesielle arbeidstilhøva i oljeindustrien. Sidan ein har slått fast at det er lite praktisk å frakte oljearbeidarane til og frå oljeplattformene kvar dag, så har dei ein eigen turnus. Dei arbeidar i ein samanhengande periode etterfølgd  av ein  dobbelt så lang periode fri. På Nordsjøen er det stort sett 12 timars skift, kor ein av timane er betalt pause.

– Den største skilnaden mellom fastlandet og Nordsjøen er jo systemet rundt arbeidarane som gjer det mogleg å jobbe på denne måten, seier forbundssekretær i LO-forbundet Industri Energi, Ketil Krohn-Pettersen.

Han fortel at tilhøva vert lagt til rette for restitusjon og kvile for oljearbeidarane. Nordsjøarbeidarar har enten ein eigen lugar, eller ein lugar som må delast med ein nordsjøarbeidar til. Det er sosiale aktivitetar som bingo, det er store personalrom med mange aviser og det er kantiner som serverar frå to til fire varmrettar. I motsetning til på land er det ingen familiære forpliktingar som barnepass og slikt.

 – Dette er jo ein turnus som følgjer av at ein ikkje er i lokalmiljøet mellom øktene, men styrer heile kvileperioden sjølv. Det er vårt hovudargument mot å overføre nordsjøturnus til sjukeheimar og sjukehus, seier Mette Nord.

Arbeidstilsynet vil ikkje ha lengre arbeidsdagar

Arbeidsmiljølova opnar allereie i dag for at det er mogleg å jobbe 13 timar i døgnet og 300 timar ekstra i året.

– Arbeidstilsynet ønskjer ikkje ei utvikling med lengre vakter og meir nattarbeid, seier direktør i Arbeidstilsynet, Ingrid Finboe Svendsen, til LO-Aktuelt nr. 9/2011. Legane har nytta seg av mogelegheita i arbeidsmiljølova til å avtale unntak frå nokre av arbeidstidsreglane. Arbeidstilsynet skriv i ei pressemelding på deira nettside at Arbeidstilsynet no kjem til å gjennomføre stikkprøvar for å finne ut om legane si arbeidstid er forsvarleg.

Tema

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Del

Til toppen

Nøkkelord (skjul)