Logg inn til Tillitsvalgtportalen
Søk på: OSS Fagforbundet.no

Katrine F. Gjerde

Rett skal vere rett: I skule-åra var Katrine F. Gjerde var kjent som ein kranglefant. Nå har ho blitt voksen, og lært seg å velge sine kampar.

Katrine F. Gjerde
(Foto: Martine Grymyr)

Mann, to barn, einebustad og stasjonsvogn. Katrine F. Gjerde trives best når alt er på stell, både på heimebane og elles i samfunnet.

– Eg er opptatt av at rett skal vera rett. I skuleåra syntes nok nokon av lærarane mine at eg var ein kranglefant, men med tida har eg vekst og skjønt at det gjelder å velge sine kampar, seier Gjerde.

Mange verv

Det er kanskje nettopp difor at 26-åringen frå bygda Øystese i Kvam kommune i Hardanger har hatt ein lynkarriere som tillitsvalt i Fagforbundet.

– Eg er utdanna helsefagarbeider, og fekk lærlingplass i kommunen. Det tok ikkje lang tid før ho som var plasstillitsvalt tok tak i meg og spurte om eg var medlem av Fagforbundet. Eit år seinare tok eg over som plasstillitsvalt på min siste praksisplass før eg tok fagprøva, og der er eg framleis, fortetel Gjerde.

Men det skulle ikkje stoppe der. 26-åringen tok fagbrev for tre år sida og gjekk rett ut i jobb. Ho sit også i styret i Kvam Arbeiderparti, er lærlingveileder på arbeidsplassen, og for ein månad sida rykka ho opp som nestleiar av ungdomsutvalet i Fagforbundet Hordaland.

– Eg synes det er ein veldig kjekk jobb. Det aller beste er all kontakten vi har med ungdommane ute i fylket, og å kunne bidra med kunnskap og informasjon som dei treng. Det er eg veldig opptatt av.

Provosert av pyntestillingar

Å være tillitsvalt i et fylke som Hordaland passer bra for Gjerde. Her er det mykje aktivitet i ungdomsutvala, men også mange utfordringar å ta tak i. Ufrivillig deltid er blant sakane som står øvst på lista.

– Pyntestillingar, det provoserer meg. Arbeidsgivar skal ikkje lysa ut pyntestillingar, men heller bruka dei til stillingsauke eller samla opp. Ingen velger helsefag for å ende opp med ein 13,9 prosent stilling. Eg er også opptatt av lærlingplassar. Min kommune er veldig flinke på akkurat det området, i alle fall når det gjeld helsefag. Eg trur faktisk alle som søkte lærlingplass innafor helsefag i fjor fekk plass, men oppfølginga kan vera mangelfull. Andre stader, som i Bergen, er det mykje vanskelegare å få lærlingplass fordi så mykje er privatisert, seier Gjerde.

Rolla som nestleiar i ungdomsutvalet i Hordaland er fortsatt fersk for 26-åringen, men ho er ikkje redd for å sjå framover.

– Eg er helt klar til å ta leiarvervet om eg skulle få muligheita, forsikrar Gjerde.

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Del

Til toppen

Nøkkelord (skjul)