Logg inn på Tillitsvalgtnettet:
Søk på: OSS Fagforbundet.no

Kniving om ekstravaktene

Som hjelpepleiar må du forhandle både med leiinga på jobben, kollegaer og familie om ekstravaktene. Det kjem fram i sosiologen Gunvor Aasbø si masteroppgåva "Når deltid er norm".

Ny studie: Gunvor Aasbø har intervjua seks hjelpepleiarar på søraustlandet om arbeidstida deira. (Foto: Anders Hamre Sveen)

Oppgåva "Når deltid er norm" vart nominert til Prisen for fremragende bidrag til kjønnsforskning ved Universitetet i Oslo (UiO) i 2009. UiO har nett publisert oppgåva på nettstaden DUO.

Aasbø har sjølv vore pleieassistent, med sommarjobb og som ringevikar. Mora hennar arbeidde óg som hjelpepleiar.

Oppsplitta arbeidsplass

Aasbø intervjua seks deltidstilsette hjelpepleiarar i to ulike kommunar på søraustlandet. To av dei seks ønskte å jobbe i full stilling, to ville ha ei større deltidsstilling, og dei to siste sa at dei var nøgde med det dei hadde.

–  Eg fann ut at hjelpepleiarane må forhandle med både leinga på jobben, kollegaer og familien om ekstravaktene, seier Aasbø. Aasbø fant mykje bruk av ekstravakter og mange låge stillingsbrøkar. På den eine sjukeheimen vart ledige stillingar splitta opp, og delt på dei som søkte. På den andre sjukeheimen hadde dei innført firetimars vakter. Ledige stillingar vart splitta opp og delt på dei som søkte. I tillegg kom det stadig nye turnusar.

Ei av dei som Aasbø intervjua hadde jobba i ei 13 prosent stilling i åtte år. Hjelpepleiarane over 50 år sa at dei heldt seg unna knivinga om ekstravaktene, fordi dei ikkje trong løna som ekstravaktene gav på same vis som tidlegare. Dei fortalde Aasbø at knivinga om ekstravaktene var vanlegast blant dei som hadde ufrivillig låge stillingsbrøkar.

Ikkje krevje noko

Aasbø meiner at det ikkje var noko fungerande arbeidskollektiv mot det urimelege systemet på tvers av kjønn, alder og yrkesgrupper. Yrkesgruppene hadde ulike vilkår, men alle hadde dårlege forhandlingsposisjonar.

–  Hjelpepleiarane med låg stillingsbrøk fortalte at dei ikkje føler at dei kan krevje noko, seier Aasbø.

Når hjelpepleiarane ønskte ei større stilling, følte dei at de låg i korta at dei måtte stille opp og ta ekstravakter, om dei i framtida ville bli rekna med når ledige vakter skulle fordelast.

Makt og kjønn

Løn- og arbeidstilhøve  i omsorgsyrka handlar mykje om makt og kjønn, i følgje Aasbø.

–  Det er eit paradoks at for få tilsette og mangel på heile stillingar eksisterer side om side i denne sektoren. Deltidsarbeid har aldri vore eit reelt alternativ for yrkesgrupper som er dominert av menn, men det er altså norma i dei kvinnedominerte yrkesgruppene i omsorgssektoren, seier Aasbø. Fleire av dei som Aasbø snakka med var usikre på om dei ville klare ei full stilling.

–  Det er eit tungt yrke det er snakk om. Eg trur at det kan vere grunnen til at fleire har blanda kjensler til det å opphalde seg på arbeidsplassen meir av veka, seier Aasbø. Dersom Aasbø hadde fått vilja si, så hadde omsorgsarbeidarane på sjukeheimane hatt høgare løn.Ho meiner og at organiseringa av arbeidstida i sjukeheimane må revurderast.

–  Yrkesgruppene på sjukeheimane vert ikkje godt nok verdsett. Når fleire fortalte meg at dei ikkje har helse til å stå i full jobb må dei reelle krava i arbeidet og den krevjande arbeidstida anerkjennast, seier Gunvor Aasbø.

 

"Snille" damer i grådig jobb

Nøkkelord

Tema

Tips en venn

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


Til toppen